Nei til nedlegging av to barnehagar på Vie
			
            			
				
				Sunnfjord, Vestland			
			
			
							
            
                Oppretta: 27.11.2024 av Marcel Scheuer
Sluttdato for signering: 27.05.2025            
			
				Nedlegginga av to barnehagar på Vie må fjernast frå kommunen si tiltaksliste.
Følgande grunngjeving leggast til grunn:
- Nedlegginga baserer seg på faktafeil i kommunen sitt kunnskapsgrunnlag. Faktiske tal for dei kommunale barnehagane på Vie viser at det ikkje vil vere plass til alle borna i desse barnehagane etter nedlegginga av to barnehagar på Vie.
- Fleire av barnehagane på Vie, til dømes Hatlehaugen, er billigast i kommunen. Ein kan ikkje leggje ned billege barnehagar når intensjonen er å spare pengar.
- Barnehagane på Vie ligg strategisk plassert. Dei ligg i populære bustadområde for småbarnsfamiliar og nær dei største arbeidsplassane i Førde, i tråd med visjonen om ein «saumlaus kvardag».
- Nedleggingane vil føre til auka trafikk på ein allereie svært belasta vegstruktur.
- Nedleggingane vil føre til dårlegare overgang mellom barnehage og skule.
- Barnehagane på Vie er viktige for rekruttering av framtidig helsepersonell, og ei nedlegging vil kunne føre til mindre folkevekst og utvikling.
- Nedlegging av barnehagar på Vie vil kunne medføre auka kostnadar til private barnehagar i området, for å dekke foreldrepopulasjonen sitt behov for barnehagar nært der folk bur og jobbar.
- Barnehagane på Vie er veldrivne, godt likt av foreldre og tilsette, og har god pedagogdeknad, dette må kommunen ivareta når vi veit at resten av landet strevar med ei trippelkrise i barnehagesektoren (sjukefråverskrise, rekrutteringskrise og bemanningskrise).
Vi reagerer på at barnas beste ikkje er tatt omsyn til i nedleggingsprosessen, i strid med Grunnloven §104, annet ledd, og FN sin barnekonvensjon. Resultatet av denne prosessen er at gode barnehagar leggast ned, med betydelige økonomiske, pedagogiske og sikkerheitsmessige konsekvensar for kommunen og innbyggarar.
Takk for di stemme.
Med venleg helsing
SU Hatlehaugen			
			
				
					415 av 300 underskrifter				
				
					
				
								
					
					Sjå underskrifter				
				Denne saka er lukka og kan ikkje skrivast under på lenger			
 
            
                        
                        
				
					
					17 kommentarar:				
			
			
				
											
							
								Pezhman Shadnezhad 							
							
							
                            						
											
							
								Vilde Angelica Ehamparam							
							
							
                            						
											
							
								Agnieszka Bromblik							
							
							
                            						
											
							
								Solveig Strømmen 							
							
							
                            						
											
							
								Anne Jorunn Svoen							
							
							
                            						
											
							
								Hanne S. Hovland							
							
							
                            						
											
							
								Hanne S. Hovland 							
							
							
                            						
											
							
								Kristina Osland Lavik 							
							
							
                            						
											
							
								Cathrine Ekehaug 							
							
							
                            						
											
							
								Reidun Koksvik 							
							
							
                            						
											
							
								Aina Elise Indrebø Gloppholm							
							
							
                            						
											
							
								Bernhard Höllige							
							
							
                            						
											
							
								Marcel Scheuer							
							
							
                            						
											
							
								Ann Renate Mulehamn 							
							
							
                            						
											
							
								Kristina Osland Lavik							
							
							
                            						
											
							
								Eirik Engen Skadal							
							
							
                            						
											
							
								Marius Ramstad Rødvik