Respekter resultatet etter folkerøystinga i Jølster
Sunnfjord, Vestland
Álggahuvvon: 15.08.2017 bokte Aina Helen Gamborg
Maŋimuš beaivi, goas nama sáhttá čállit áššái: 31.12.2017
I sommar vart det teke initiativ til ein underskriftsaksjon der målet er ei
ny folkerøysting om kommunesamanslåing. Dette har skapt ny uro i
ein kommune som allereie strir med "dårleg naboskap",
og vi trur ein omkamp vil vere skadeleg for Jølster uansett resultat.
Valdeltakinga ved folkerøystinga var høgre enn ved vanlege kommuneval,
noko som syner at jølstringane var opptekne av denne saka, og det vart
fleirtal for kommunesamanslåing. Når initiativtakarane overleverer listene
til Jølster kommune vert det opp til kommunestyret å avgjere om det blir
ny folkerøysting.
Vi som signerer dette oppropet tek ikkje standpunkt til å vere for eller imot
kommunereform, men vi ønskjer å oppmode kommunestyret til å arbeide
vidare med samanslåingsprosessen, og bruke initiativ og krefter på å skape
ein ny og god kommune for alle i Jølster, i samarbeid med Gaular,
Førde og Naustdal.
Oppropet kan signerast av alle innbyggarane i Jølster kommune, også
dei under 18 år.
(Dette oppropet er initiert av Aina Gamborg - Reidar Svalheim - Tordis Hegrenes)
20 kommentárat:
Marius Ø.T
Marius Ripe Lemoen
Ludvik Slåtten
Roy Petter Thorsen
Terje N. Christiansen
Magnus Hoff Osvoll
Børge gjesdal
Børge Gjesdal 6847 Vassenden
Raymond Sandøy
Bjarte Nilsen
Beate Kårstad Støfring
Øyvind Solheim
Marianne Bolstad
Natalie kjeilen
Ronny Nymark Johannessen
Jannicke kjeilen
Frank Tore Tveit
Håvard Kjempenes
Hege Herland Kjeilen
Hilde Hegrenes