1 Grei ut om saka di
2 Samle underskrifter
3 Få saka vurdert

    Varaldsøy aldersheim

    Kvinnherad, Vestland
    Varaldsøy aldersheim
    Oppretta: 13.04.2013 av Petter Wilhelmsen
    Sluttdato for signering: 30.10.2013
    Vedtaket om nedlegging av Varaldsøy aldersheim blei gjort på eit ugyldig grunnlag. Det var store feil i sakshandsamingsprosessen og budsjetta som vart lagt fram stemte ikkje overeins med kvarandre, i enda mindre grad med seg sjølve. Dei som sit i kommunestyret er folkevalte – valt av folket – til å styre etter folkets meining og for deira eiget beste. Då saken om nedlegging av Varaldsøy aldersheim, som vart karakterisert som den beste verksemda i kommunen – kvalitetsmesseg og driftsmesseg, vart handsama kom det klart fram at folket ikkje ønskja ei nedlegging av tilbodet, men fleirtalet gjekk framleis inn for ei nedlegging. Dette strir direkte imot maktfordelingsprinsippet. Etter nedlegginga av Varaldsøy aldersheim vart tilbodet så magert omkring øya at Rosendalstunet og Ølve har vorte så overbelasta at eldre må leve under vilkår som ligg langt unna norsk standard, og det som er akseptabelt, på grunn av uansvarleg økonomiføring. Det blei kommentert under sakshandsaminga at det ville ende slik, dersom ein gjekk inn for vedtaket, utan at det lukkast å komme fram med bodskapen til makthavarane. Basert på dei tre grunnane nemnt ovanfor krev folket i Kvinnherad kommune at kommunestyret tek opp saka om å starte opp drifta igjen ved Varaldsøy aldersheim for å sikre dei eldre ei kvalitetssikra og verdig eldreomsorg, med breidd støtte i folket, på ubestemt tid. Vi krev òg at utbygginga av Rosendalstunet vert framskynda av praktiske, etiske og moralske grunnar.
    400 av 262 underskrifter
    Sjå underskrifter Denne saka er lukka og kan ikkje skrivast under på lenger
    Denne saka er avslutta. Kommentarfeltet er derfor stengd for nye kommentarar.

    5 kommentarar:

    unn simonsen

    Tysdag 23.04.2013
    Vil gjerne skrive under, jeg støtter kravet om ny saksbehandling. Denne saken må få en ny runde! Saksbehandlingen er så ille at en skulle tro det hele hadde foregått i Bergen, men faktum er at i Bergen er det enda verre!!

    Anne-Grethe Berge

    Fredag 19.04.2013
    Eg ville og ha skrive under, om saka fortsatt var open!

    Petter Wilhelmsen

    Fredag 19.04.2013
    Trygve, det er fordi saken allerede har blitt innsendt! Den ble sendt inn til kommunen på onsdag kveld :)

    Trygve Sundfjord

    Fredag 19.04.2013
    Kvifor er avstemminga lukka og ikkje kan skrivast under på lenger ?

    Jostein Kirkhus

    Torsdag 18.04.2013
    For meg ser det ut som om kommunestyret har fått magelfulle/feile opplysingar frå kommuneleiinga. Det første som må gjerast er ei ny handsaming i kommunestyret.