1 Čilge iežat ášši
2 Čoakke vuolláičállagiid
3 Ovddit ášši árvvoštallamii

    Ja til utgreiing av renovasjonsordninga i Ullensvang kommune.

    Ullensvang, Vestland
    Ja til utgreiing av renovasjonsordninga i Ullensvang kommune.
    Álggahuvvon: 22.09.2021 bokte Arnt Ove Meling
    Maŋimuš beaivi, goas nama sáhttá čállit áššái: 22.03.2022
    Ullensvang kommune har bestemt seg for å gå solo i høve renovasjonsordninga utan at det ser ut til at nokon veit kva prislappen på ei slik kommunal ordning vil bli. SP prøvde å få til ei utgreiing av saka, men vart nedstemt. Deira forslag lydde slik: Det skal gjerast ei utgreiing rundt dei økonomiske tilhøva rundt renovasjonsordninga i Ullensvang kommune; korleis desse tenestene skal utførast på rimelegaste og best måte for innbyggarane i Ullensvang kommune, før ein set i verk investeringa.  Som innbyggar i tidlegare Ullensvang herad, som også var særs nøgd med renovasjonsordninga til IHM, prøver eg med dette  å samla underskrifter for å senda eit signal til kommunestyret om kva innbyggjarane meiner om saka. Ved å skriva under, så støttar du framlegget om at saka bør utgreiast på nytt der IHM sitt tilbod blir sett opp mot ei eventuell kommunal renovasjonsordning med blant anna økonomiske konsekvensar for kommunen og den enkelte innbyggar. Dette meiner eg er omlag akkurat det Senterpartiet prøvde å få til, og det Arnfinn Langesæter også skreiv leserinnlegg til støtte for i leserinnlegg i HF   22.09.21
    566 bokte 223 Vuolláičállagat
    Geahča vuolláičállagiid Dát ášši lea giddejuvvon iige dan sáhte šat vuolláičállit
    Denne saken er avsluttet. Kommentarfeltet er derfor stengt for nye kommentarer.

    13 kommentárat:

    Knut Bårtvedt

    Vuossárga 11.10.2021
    Kryssa Arne Mørk Midtbø på "Jeg er ikke en robot"??

    Arnt Ove Meling

    Sotnabeaivi 10.10.2021
    No trur eg ikkje dette er sida for å debattera det eine eller andre. Du har vel fått fram kva du står for i fora som er meir eigna for debatt. Forhåpentlegvis vil ei utgreiing avdekka kva som er det beste for innbyggarane i Ullensvang. Men sidan du tek opp at kontrollutvalet i Voss kommune har avdekka for høge gebyr i renovasjonstenesta til IHM, så er vel det akkurat det same som din gamle kommune, Odda kommune, har drive med. https://www.hardanger-folkeblad.no/dyrt-planlaust-og-utan-visjonar/o/5-22-324728. Eg synest det er eit rimeleg krav at når kommunen vurderer investeringar i 100 millionarsklassen, så skal det bygga på ei solid utgreiing i forkant. Det er det denne saka dreiar seg om.

    Arne Mørk Midtbø

    Sotnabeaivi 10.10.2021
    Monopoler er sjelden bra. «Kontrollutvalet i Voss kommune meiner Indre ­Hordaland Miljøverk (IHM) har teke for høge gebyr frå hushaldningane på innsamling av hushaldningsavfall. IHM får også kritikk for å ha gjort svært grove brot på regelverket for innkjøp, ifylgje kontrollutvalet. Dette kjem fram i ein verksemdskontroll som kontrollutvalet har gjort av IHM. Det er Indre Hordaland Revisjonsdistrikt (IHR) som har laga verksemdskontrollen på oppdrag frå det kommunale kontrollutvalet...» https://www.avisa-hordaland.no/nyhende/ihm-far-hard-kritikk-av-kontrollutvalet/

    Rita Ringøy

    Maŋŋebárga 05.10.2021
    På høg tid at ei utgreiing kjem. Burde vore gjort på førehand. Vi hadde ei renovasjonsordning som fungerte godt og som vi var vel nøgd med.

    Arnt Ove Meling

    Duorastat 30.09.2021
    Hei! Eg har fått nokre innspel på at saka bør ligga ute ei stund til for å sjå om ikkje endå fleire vil støtta eit opprop om ja til utgreiing av renovasjonsordninga i Ullensvang kommune. Det har allereie vore ein solid respons, men endå fleire underskrifter vil sjølvsagt berre telja positivt med tanke på målet som er at kommunestyret dreg i handbremsen og går inn for ei grundig utgreiing. Dersom nokon meiner noko anna, så får de skrika ut. Då kjem altså saka til å vera open for nye støttespelarar (underskrifter) endå ei stund. Tal underskrifter tikkar mot 400, eit ikkje ubetydeleg tal innbyggarar i Ullensvang kommune.

    Arnt Ove Meling

    Maŋŋebárga 28.09.2021
    Eg takkar alle for støtte og engasjement i saka! Det er nok underskrifter med god margin slik at me får rett til å senda inn saka med underskrifter til kommunen via minsak.no. Det tikkar stadig inn nye underskrifter til støtte for saka, så eg tenker at det kan gå to-tre dagar til, så sender eg inn til kommunen på fredag. Vidare blir det opp til administrasjon og kommunestyret om framlegg til sak blir teke omsyn til. Eg tenker i alle høve at tal underskrifter for saka burde vera eit tydeleg signal til politikarene våre.

    Steinar Ystanes

    Maŋŋebárga 28.09.2021
    Me støttar oppropet og att det vert ei god løysing for Ullensvang Kommune

    Liv Birgit Haustveit

    Maŋŋebárga 28.09.2021
    Ei viktig sak! Ein kommune med dårleg økonomi må kartleggja i førekant ved slike avgjerder. Eit bra forslag.

    Fredrik Tveit

    Vuossárga 27.09.2021
    Våre offentlige penger kan ikke fortsette å gå til latterlige prinsipper. Vi vil selvsagt ha gode, miljøvennlige og rimelige ordninger fremfor dyr og dårlig kommunal drift.

    Sigurd Storli

    Vuossárga 27.09.2021
    Godt tiltak, Arnt Ove! Her er det viktig å få alle korta på bordet.

    Marion Nordgård

    Bearjadat 24.09.2021
    Når kommunens økonomi er så dårlig at det går på bekostning av både unge og eldre, synes jeg det er viktig å snu hver stein. De investeringene som er forutsagt hittil er veldig høye. Å få en utredning med alternativer burde være i alles interesse.

    Kjellaug og Odd Ystanes

    Duorastat 23.09.2021
    Me støttar denne saka fordi me trur det er ei god løysing for Ullensvang kommune, det er mest ingen små kommunar som har renovasjon i eigen regi. Vera med i eit interkommunalt føretak er bra.

    Birge Edgar Velure

    Gaskavahkku 22.09.2021
    Eg støttar dette oppropet fordi eg trur da er viktig å ikkje setta i gang med store kommunale investeringar vist ei slik utgreiing viser at me kan få eit lika godt tilbud med IHM og svært sannsynleg mykje billigare får brukarane i kommunen vår .