1 Beskriv din sak
2 Samle underskrifter
3 Få saken vurdert

    Behald Vigrestad barneskule i hjertet av bygda<3

    Hå, Rogaland
    Behald Vigrestad barneskule i hjertet av bygda<3
    Opprettet: 31.10.2022 av Tone Dybing Gravdal
    Sluttdato for signering: 14.11.2022
    Me som meinar at ny barneskule på Vigrestad bør byggjast på eksisterandes tomt i sentrum! Me meinar at å flytta barneskulen ut av sentrum vil vera et stort tap for bygda generelt, og ikkje minst for dei minste barna våre som har ein trygg skulemulighet i hjertet av Vigrestad! Plasseringa av skulen er kjempe viktig for dens funksjon for lokalsamfunnet. Skulen er viktig for nærmiljøet i sentrum, og nærmiljøet i sentrum er viktig for skulen! Vi ber om at Kommunestyret i sitt vedtak 17.november anerkjenner dette. Me ynskjer ikkje at skuleplanane skal utsetjast, men ynskjer at endelig vedtak angåande valg av løysning i det minste legg føringar for at det skal utførast grundigare utgreiingar rundt lokasjon av ny skule og konsekvenser av dette. Dette må gjerast før det blir tatt ein endeleg beslutning på kor skulen skal plasserast! Her meiner me at tema som blant anna sosialt bærekraftig og aldersvennleg stedsutvikling, sentrumsplan/sentrumsutvikling, folkehelse og livskvalitet, skulefaglege spørsmål, trygge og attraktive skuleveger, bærekraftsmålene, jordvern, sosial sikkerhet/kriminalitetsforebyggende planlegging og fremtidige utviklingsmål for Stokkelandsmarka må behandlast. Ein skule er ein offentleg funksjon som kan koma eit heilt samfunn til gode. Denne saken angår altså alle - både barn, ungdom, vaksne og eldre. Framtida for Vigrestad planlegges nå - la beslutninga vera gjennomtenkt og la oss tenkja langsiktig!
    120 av 300 underskrifter
    Se underskrifter Denne saken er lukket og kan ikke skrives under på lenger
    Denne saken er avsluttet. Kommentarfeltet er derfor stengt for nye kommentarer.

    Ingen kommentarer.