1 Beskriv din sak
2 Samle underskrifter
3 Få saken vurdert

    Vi vil ha ein handlingsplan for mangfald og inkludering i Bjørnafjorden

    Bjørnafjorden, Vestland
    Vi vil ha ein handlingsplan for mangfald og inkludering i Bjørnafjorden
    Opprettet: 15.06.2023 av Lina Kristine T Vatshelle
    Sluttdato for signering: 15.12.2023
    I juni 2023 blir Bjørnafjorden Pride arrangert for første gong. Gjennom arbeidet med Pride har vi møtt på mange menneske og historier som fortel oss at arbeidet vi gjer er viktig. Det er altfor mange som ikkje kjenner seg trygge i kommunen vår. Vi har høyrd om altfor mange som flyttar frå bygda - og ikkje kjem attende. Mangfald, inkludering og likestilling er viktig. Dette gjeld òg mangfald når det kjem til seksuell legning, kjønn og kjønnsidentitet. Vi vil at Bjørnafjorden kommune skal vere ein god og trygg kommune der du både kan vere den du vil og elske den du vil. Bergen kommune har vedteke "Plan for kjønns- og seksualitetsmangfold" som inneheld mange gode tiltak for å gjere Bergen til ein tryggare by for skeive. Mange av tiltaka kostar lite pengar, men krev medvit kring temaet - og dette mdevitet vil vi auke i Bjørnafjorden. Å innføre ein handlingsplan kan vere ein god måte å betre livskvaliteten til skeive gjennom alle fasar av livet: Kommunen er til stades frå fødsel til død gjennom jordmortenester, helsestasjon, barnehage, skule, barnevern, NAV, på sjukeheim og gjennom andre helse- og omsorgstenester. Kommunen buset òg flyktningar. Bjørnafjorden kommune har om lag 25 000 innbyggjarar og er arbeidsgjevar for 1800 tilsette. I dag lever mange skeive heldigvis gode liv. Likevel skil seksuelle minoritetar seg frå heterofile med mellom anna: - Større helseproblem - Mindre tilfredsheit med livet - Fleire negative erfaringer frå arbeidsplass og studiestad - Mindre openheit om si seksuelle orientering Skeive prøver i større grad å ta livet sitt enn den heterofile delen av befolkinga, og ein "Handlingsplan for mangfald og inkludering" vil vere eit fint supplement til "Handlingsplan for sjølvmordsførebygging" som kommunen allereie har vedteke. Ein handlingsplan kan mellom anna: - Auke kunnskap, medvit og forståing kring kjønn- og seksualitetsmangfald både mellom dei tilsette i kommunen og hos innbyggjarane. - Fremje tiltak som bidreg til å redusere diskriminering, trakassering og hatprat. - Sikre at kommunen sine tenester er inkluderande. Her kan ein òg setje fokus på eit meir inkluderande språk i det ein kommuniserar ut til kommunens innbyggjarar og brukarar av helsetenester. - Å støtte og samarbeide med frivillige organisasjonar som jobbar for kjønn- og seksualitetsmangfald. Dette kan vere ein fin måte å fremje brukarmedverknad. Dersom vi får 300 underskrifter på dette innbyggjarforslaget er kommunestyret i Bjørnafjorden lovpålagt å handsame forslaget vårt. (Kommunelova § 12-1) Vi håpar du vil signere, slik at Bjørnafjorden kommune kan bli ein trygg kommune for alle innbyggjarar - i alle fasar av livet.
    335 av 300 underskrifter
    Se underskrifter Denne saken er lukket og kan ikke skrives under på lenger
    Denne saken er avsluttet. Kommentarfeltet er derfor stengt for nye kommentarer.

    4 kommentarer:

    Marion Berge

    Søndag 18.06.2023
    Signerer gjerne!

    June Morfjord

    Lørdag 17.06.2023
    Jeg støtter oppropet!

    Linda Kjosaas

    Torsdag 15.06.2023
    Flott initiativ! Dette må vi få til i Bjørnafjorden.

    Helga Garmann-Nøss Holmefjord

    Torsdag 15.06.2023
    Eg stiller meg bak oppropet.