1 Beskriv din sak
2 Samle underskrifter
3 Få saken vurdert

    Deponering av forureina masser på Moltustranda

    Herøy, Møre og Romsdal
    Deponering av forureina masser på Moltustranda
    Opprettet: 11.07.2023 av Alf-Einar Gullhav Moltubakk
    Sluttdato for signering: 11.01.2024
    SAKEN: Det er 4 alternativ til kvar den forureina massen frå Fosnavåg hamn kan plasserast, og to av dei er på Moltu: A: Kyrkjegardsvika eller B: mellom Steinsholmen og Legeholmen. Det å flytte 80 000 til 100 000 m3 giftig slam frå hamna i Fosnavåg og opp i fjøresteinane på Moltu, vil innebere forureining og påverknad av naturverdiar i området. Problema med forureining av sjøen og strandsona er vel like stort om massane ligg på Moltustranda eller i Fosnavåg? Både fisk, krabbe og hummar gyt i området, og mange fuglearter hekkar her (m.a. ærfugl). Tiltaket vil ha stor innverknad på naturmangfaldet både på land og i sjø. Strandsona det er snakk om, er vakker natur, som m.a. vert nytta til rekreasjon, fiske og friluftsliv for lokalbefolkninga og andre. I begge aktuelle områda ligg det fleire naust, sjøbuer og nausttomter. Vil også minne om at det er berre ca. 800 m frå Kyrkjegardsvika til den truleg finaste og mest besøkte badestranda i Herøy, Moltusanden. I Kyrkjegardsvika er der ein verneverdig vòr frå 1800-talet. Dette området vil bli heilt øydelagt om tiltaket vert realisert. Ein eventuell sjete/molo vil gjere store og varige inngrep og endringar i landskapet – både i sjø og på land. KRAV: Kommunen må fjerne Moltu som alternativ for dumping av giftig slam frå Fosnavåg hamn! Dette gjeld både alternativ A og B. Moltustrandingen (Moltustranda Grendalag)
    570 av 179 underskrifter
    Se underskrifter Denne saken er lukket og kan ikke skrives under på lenger
    Denne saken er avsluttet. Kommentarfeltet er derfor stengt for nye kommentarer.

    9 kommentarer:

    Bergtor Moltu

    Tirsdag 18.07.2023
    Lat massene ligge der dei ligg idag!

    Gard Sandvig

    Fredag 14.07.2023
    Uakseptabelt med giftdeponi på Moltu

    Morten Lillenes

    Onsdag 12.07.2023
    Kvifor må ein bu på Moltustranda for å støtte opp under denne?

    Gry Moltumyr

    Onsdag 12.07.2023
    Får ikke signert. Bur ikkje på Moltu, men har hytte der. Bur i samme fylkeskommune .

    Kristin Rabben

    Onsdag 12.07.2023
    Eg kunne heller ikkje skrive under men har sterk tilknyting til Moltustranda og ynskjer ikkje den fine bygda skal forurensast av dritten frå andre delar av kommuna.

    Paul Lillestøl

    Tirsdag 11.07.2023
    Eg har ikkje lenger adresse på Moltustranda eller Herøy kommune,men har tilknytning til Lillestølen på Moltu og er sterk motstander av flytting av farlig avfall frå Fosnavåg havn til Kirkegardsvika,Steinsholmen eller andre stader i området. Trudde eg kunne skrive under på oppropet/lista men det gjekk ikkje fordi eg ikkje har adresse Moltu/Herøy kommune. Flott engasjement i bygda mot dette. Lykke til!

    Siv-Janita Skorpen

    Tirsdag 11.07.2023
    Totalt uakseptabelt!

    Melina Larsen

    Tirsdag 11.07.2023
    Det nytter ikke å flytte farlig avfall til et annet sted i havet. Det kan gjøre skade på livet og økosystemet i havet.

    Roar Arnesen

    Tirsdag 11.07.2023
    Dette vil vi ikke ha noe av