1 Beskriv din sak
2 Samle underskrifter
3 Få saken vurdert

    Nei til fiskeoppdrett ved Aralden fuglereservat !

    Kinn, Vestland
    Nei til fiskeoppdrett ved Aralden fuglereservat !
    Opprettet: 04.02.2026 av Linda Langø Batalden
    Sluttdato for signering: 04.08.2026
    Tittel på sak: Nei til fiskeoppdrett ved Aralden fuglereservat! Beskriv saken: 12. februar kan Kinn kommune stemme bort eit av dei viktigaste fiske- og friluftsområda våre. Området nord for Store Batalden, brukt av generasjonar, står no i fare for å bli sperra av til oppdrett. Det er planlagt å legge beslag på over 700 dekar sjøareal, tilsvarande fleire hundre fotballbaner, rett ved øyane Svarteskjæret, Nakkane og Aralden nord for Store Batalden. Området er i dag i aktiv bruk av yrkesfiskarar, fritidsfiskarar, småbåteigarar og friluftsfolk frå Florø, Batalden, Hovden og omegn. Tiltaket vil medføre varig og irreversibel reduksjon i tilgjengelige sjøarealer og eliminerer eksisterende fiske i området. Dette er et direkte inngrep i felleskapets bruk av sjøen! Signer oppropet i dag, og si nei til rasering av våre felles fiskeområder.
    395 av 300 underskrifter
    Se underskrifter Denne saken er lukket og kan ikke skrives under på lenger
    Denne saken er avsluttet. Kommentarfeltet er derfor stengt for nye kommentarer.

    6 kommentarer:

    Berit Svardal

    Mandag 09.02.2026
    Eg ynskjer ikkje at område nord for Aralden skal disponerast til fiskeoppdrett

    Andreas Hamn

    Lørdag 07.02.2026
    Eg meiner det planlagde oppdrettsanlegget nord for Batalden bør stoppast, av fleire viktige og dokumenterte grunnar: 1. Negative konsekvensar for villfisk og villaks Oppdrett påverkar ikkje berre den enkelte anleggsplass, men det marine økosystemet rundt. Parasitten lakselus, som trivst og formerer seg i store tal rundt oppdrettsanlegg, spreier seg i havet og kan infisere vill sjøørret og villaks under utvandringa. Forskning viser at slike infeksjonar er knytt til lågare tilbakevending av villaks som gyter, noko som trugar bestandane lokalt og nasjonalt. Veterinærinstituttet +1 Oppdrettsfisk som rømmer kan også blande seg genetisk med villfisk og svekke den genetiske integriteten til dei lokale bestandane. 2. Økologisk belastning og sjukdomsspreiing Oppdrett genererer store mengder avfall, næringsstoff og parasittar som blir sleppt ut i fjorden. Dette påverkar det marine livet i sjøen og kan forverre forholdet for arter langt utover selve anleggsplassen. 3. Skipstrafikk og uønskt påverknad Store oppdrettsanlegg medfører auka båttrafikk — frå fôrleveransar, drift og fjerning av døde fiskar — noko som aukar risikoen for utslepp, støy og kollisjon med fuglar og marin fauna. Auka trafikk kan også gjere det vanskelegare og meir risikabelt for lokal fiskeri og fritidsbruk av området. 4. Fuglereservat og sårbar natur Området rundt Batalden er kjent for rik natur og fugleliv. Oppdrett heilt nær slike område kan føre til forringing av habitat — gjennom forureining, endra næringsforhold og trafikk — noko som kan redusere kvaliteten på reservata og nedsette artsmangfaldet. 5. Lokalt samfunn og ressursar Lokalsamfunnet er avhengig av reine fjordar til friluftsliv, fiskeri og rekreasjon. Ein stor oppdrettsanlegg kan passe dårleg inn i desse bruksverdiane, og endrar dei naturgitte føresetnadene som lokalt næringsliv og brukarar byggjer på. Konklusjon Saman med dokumenterte miljø- og økosystemproblem knytt til oppdrettsnæringa, meiner eg at dette prosjektet er dårleg plassert i eit sårbart område med verdifull natur, villfisk og fuglereservat. Disse argumenta gir ei sakleg og tydeleg grunn for kvifor fleire bør signere for å avvise planen om oppdrettsanlegg nord for Batalden

    Inge Ellingsund.

    Lørdag 07.02.2026
    Åpne oppdrettsanlegg bør bli forbudt, det må kunn godkjennes lukka oppdrettsanleg eller lanbasert så en får kontroll på all utslepp. Gjør som Canada. Påleg alle åpne oppdrett og lukke eller få dei på land innen 5 år og kontroll på utslipp. Dei som ikke greier det må avikle.

    Gjert Karstensen

    Lørdag 07.02.2026
    Arealbruk i sjø blir regulert gjennom strenge prosessar. Eventuelle oppdrettsløyve krev godkjenning etter fleire lover og faglege vurderingar, der mellom anna Statsforvaltaren, Fiskeridirektoratet, Mattilsynet og Kystverket gir sine uttalar. I tillegg må kommunen avklare arealbruken i planverket. Havbotnen må vurderast grundig, og både straummålingar og vêrdata skal målast og takast med i den samla vurderinga. Det vil bli gjennomført konsekvensutgreiing for naturmangfald, friluftsliv og eksisterande bruk før eit endeleg vedtak kan fattast. Oppdrett stenger normalt ikkje heile området for ferdsel. I dei fleste oppdrettsområde er det berre avgrensa tryggleikssoner tett rundt anlegget som er utilgjengelege. Båttrafikk, fiske og ferdsel kan framleis skje i store delar av området rundt. Langs norskekysten finst mange døme på at yrkesfiske, fritidsfiske og oppdrett fungerer side om side. Forvaltninga legg vekt på å redusere konflikt gjennom plassering og driftskrav. Havbruksnæringa er ei av dei viktigaste eksportnæringane i Noreg og gir arbeidsplassar, skatteinntekter og aktivitet i kystsamfunn – også i område med fråflytting og avgrensa næringsgrunnlag. Moderne oppdrett er underlagt krav til mellom anna lakselus, utslepp, rømming og overvaking. Ny teknologi og strengare reguleringar har som mål å redusere miljøpåverknaden samanlikna med tidlegare drift. Saka handlar ikkje berre om tap av areal, men om ei avveging mellom naturbruk, matproduksjon, arbeidsplassar og miljøomsyn. Difor er det viktig med ein kunnskapsbasert og nyansert debatt før ein tek endeleg stilling. Påstandar om varig og irreversibel reduksjon i sjøareal og rasering av våre felles fiskeområde er, etter mitt syn, kanskje feil ordbruk.

    Hans Erik Stenseth

    Fredag 06.02.2026
    Eg er i mot anlegg i Aralden. Men er ueinig i at vi skal ha anlegga på land isteden. Naturtapet er det viktigste å hindre. Lukka anlegg eller ingenting. Vi har heller ikkje belegg for å sei at fjordane er ødelagt av fiskeanlegg, kun lokalt. Vennligst endre teksten i kravet

    Jan Olav Helle

    Onsdag 04.02.2026
    Det er snart einaste fiskeplassen som er mulig å få en fisk. Fjordane er ødelagt av alle oppdrettsanleggene som ligger der å forurenser. Det ersnart på tide lukka anlegg eller ha det på land sånn at det er under kontroll