Framtidsretta bruk av Leikanger skule
Herøy, Møre og Romsdal
Opprettet: 17.08.2026 av Tordis Eiksund Leikanger
Sluttdato for signering: 16.02.2027
INNBYGGJARINTIATIV:
Framtidsretta bruk av Leikanger skule
ei vinn-vinn-løysing for heile Herøy kommune
Krav til Herøy kommunestyre:
Underteikna krev, i samsvar med kommunelova § 12-1 om innbyggjarinitiativ, at kommunestyret i Herøy fremjar og behandlar ei eiga sak om å flytte barnehagedrifta på Leikong opp i den eksisterande 1. etasjen til skulen.
Det er ikkje tidlegare fremja innbyggjarinitiativ om saka, og den er ikkje tidlegare handsama i denne valperioden.
BAKGRUNN OG GRUNNJEVING:
Bygningsmassen på Leikong er moderne, universelt utforma og i god stand. Ved å flytte dagens barnehage opp frå kjellaretasjen til dei nye skulelokala frå 2016, oppnår ein ei optimal og berekraftig utnytting av eksisterande kommunal bygningsmasse og eigedom.
HOVUDARGUMENT FOR SAKA
• Stor økonomisk gevinst: Ved å velje løysinga på Leikong kan Herøy kommune vidareføre effektiv bruk av eksisterande bygningsmasse i staden for nybygging. Ei vidareføring vil frigje midlar som Herøy kommune til dømes kan bruke for å sikre tilfredsstillande barneskule på Bergsøya.
• Minimalt investeringsbehov: Skulebygget på Leikong stettar krav til universell utforming. Vi viser til eige dokument for skildring av løysingar, stetting av formelle krav og kostnadsoverslag.
• Moderne fasilitetar og HMS: Uteområdet er ferdig opparbeidd med inngjerding, nyare leikeapparat, ballbinge og kunstgrasbane. Logistikken rundt henting og levering er nyleg oppgradert med trygg trafikkløysing og bussløyfe. Nærmiljøet har enkel tilgang til skog, turløyper og gapahuk, heilt skjerma frå støy og trafikk.
• Sikring av lokalsamfunnet: Barnehagedrift i lokala til skulen vil sikre framleis aktivitet i bygget, noko som er viktig for å oppretthalde Grendahuset som det sosiale hjartet for dei kring 600 innbyggjarane på Leikong. Ein attraktiv barnehage vil styrke etablering og bulyst i bygda.
Dette er ikkje berre eit lokalt tiltak for Leikong, men ei samfunnsøkonomisk vinn-vinn-løysing for heile Herøy kommune. Vi krev at kommunestyret i Herøy får lagt fram og behandlar ei eiga sak om å flytte barnehagedrifta på Leikong inn i den eksisterande 1. etasjen til skulen. Kommunedirektøren må få i oppdrag å utgreie dette som ei eiga politisk sak.
Leikong 15. august 2026
Initiativtakarar:
FAU Leikanger Barnehage v/ Tordis Eiksund Leikanger Leikanger Grendahus v/Lene Havåg og Henry Jøsokbakke
Jøleik skulekorps v/Oline Kleppe og Siri A. Myklebust
Leikong Blandakor v/Bjarne Voldnes
Gurskøy IL v/Steffen Moltu
Engasjerte bygdefolk
Én kommentar:
Ioannis Olav Liandris